Hopp til innhold
X
Innhald

Baglarslag ved Vikingvåg

Baglarbispen Nikolas Arnesson frå Stårheim var leiar for baglarane som i borgarkrigstida kring 1200 striddest mot birkebeinarane, leia av presten som seinare vart Kong Sverre.

I 1206 sigla ein flokk baglarar frå Bergen til Trondheim. I Vikingvåg på sørspissen av Byrknesøy kom dei over birkebeinarar som låg der med tre frakteskuter. Baglarane gjekk til åtak, drap nokre av birkebeinarane, og resten rømde innover Byrknesøya. Men på heimveg sørover fekk baglarne svi. Då tok birkebeinarane på dei i Kilstraumen like sør for Fensfjorden og drap dei fleste av fiendane sine.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.10.2008