Hopp til innhold
X
Innhald

Bakgrunnen for Lyster Sanatorium

Kvifor på Harastølen?

Kvifor på Harastølen?

Tørt klima, fureskog og helst i tynn fjelluft. Det var resepten ein trudde på i gamle dagar for å kurere folkepesten tuberkulose. På Harastølen fann ein heile «pakken» - den låg på ei høgde og i eit klima som ein på den tida rekna som «immunsona» mot sjukdomen.

Denne fjellhylla ovanfor Luster var nærmast ideell då St. Jørgen Stiftelse i Bergen på slutten av 1800-talet såg seg om etter ein høveleg stad til å byggje det som i mange tiår skulle verte eit av dei størst spesialsjukehusa for tubekuløse her i landet.

Tub-sjukehus vart helst kalla sanatorium, og på desse institusjonane likna behandlinga ofte meir på naturmedisinske kurar enn på skulemedisinske behandlingsformer.

Klostergodset på Selja gav grunnlag for fondet

Då St. Jørgen Stiftelse sette seg føre å reise det svære bygningskomplekset høgt oppe i fjellsida over Luster, var det på mange vis slik at kapitalen som ein gong i tida vart henta frå vårt fylke til sjukehusdrift i Bergen, no vart førd tilbake til vårt eige fylke. Det hadde seg slik: Då St. Jørgens Hospital for spedalske vart bygt i Bergen på 1500-talet, vart pengane til drifta skaffa frå ei stifting som den dansk-norske kongen skipa i 1542. Denne stiftinga henta midlane sine frå tiendeinnterkter frå 175 gardar i Nordfjord og på Sunnmøre som tidlegare hadde høyrt til Selje kloster. Dette var det så kalla ”klostergodset” som ein kjenner frå omtalen i jordebøkene i Nordfjord. Ved reformasjonen i 1536 kverrsette Kongen alt kyrkje- og klostergods. Sjå: Klostergodset.

Plansje som viser ein 13 år gamal spedalsk gut.

Plansje som viser ein 13 år gamal spedalsk gut.

Kampen mot spillsykja

Etter reformasjonen hamna tiendeinntektene frå klostergodset hjå Kongen, og på 1600-talet vart ein stor del av inntektene frå klostergodset sette inn i kampen mot det som då var den store folkepesten på Vestlandet: Spillsykja - eller spedalskhet - lepra på god latin. Over halvparten av alle spedalske i landet kom nemleg frå distriktet mellom Bergen og Møre – og særleg frå kystnære bygder i Sogn og Fjordane. - Les meir om utbreiinga av lepra m.a. i artiklar under kommunane Årdal, Førde og Naustdal. Grunnen til at lepraen hadde slik utbreiing i dei kystnære distrikta mellom Bergen og Møre, kunne forklarast med den usunne måten som folk i desse stroka budde og levde på i gamle dagar. Sosiologen Eilert Sundt fortel at folk midt på 1800-talet framleis delte plassen i dei små stovene med både gris og høns som gjekk fritt omkring i huset! Sunnfjordingane, skriv Sundt, hadde likevel noko større sans for reinsemd enn nordfjordingane: Medan nordfjordingane knapt visste kva ein sopelime og ein badestamp skulle brukast til, så var det vanleg at sunnfjordingane lauga seg ein gong i året før jul - og feia stovegolvet og forgangen for hønseskit og bos eit par gonger i året! Det var elles heilt vanleg å koke uvaska poteter og usløygd fisk i same gryta til middag, fortel Sundt. Sjå elles Spedalsksjuka - lepra.

St. Jørgens Hospital i Bergen.

St. Jørgens Hospital i Bergen.

Frå lepra-kamp til tuberkulose-kamp

Innan få år vart sjukesalane på leprasjukehusa i Bergen tømde. St. Jørgens Stiftelse hadde bra med midlar, og såg seg rundt etter nye oppgåver. Og dei mangla ikkje. For av ein eller annan grunn så fekk ein nett på denne tida i siste halvdel av 1800-talet ei enorm oppblomstring av ein ny folkepest - tuberkulosen.

Nett då ein tok til å få kontroll med spillsykja, breidde tuberkulosen seg som ei svart farsott over heile landet. Sjukdomen spreidde mykje sorg og tragedie, fordi den helst råka barn og ungdom. Kring 1900 var tuberkolosen skuld i nærpå fjerdeparten av alle dødsfalla i Noreg, og halvparten av dei døde var mellom 15 og 40 år. Ofte vart heile huslydar utrydda av tuberkulosen - eller tæringa - som den vart kalla fordi den åt opp vevet - spesielt i lungene.

Fem tub-sanatorier i Sogn og Fjordane

Frå slutten av 1800-talet og i åra framover tok det norske samfunnet det største krafttaket som nokon sinne er gjort innan helserøkta for å få bukt med folkepesten tuberkulose. På kort tid vart det bygt ei mengd tuberkulosesjukehus - eller sanatorier.

I tillegg til det store sjukehuset på Harastølen som skulle dekkje heile Vestlandet, bygde vårt eige fylke på kort tid fire tuberkulosesanatorier - i Askvoll (ligg ved stranda innanfor Askvoll sentrum), Sandane (noverande Gloppen sjukeheim), Lavik (seinare Lavik sjukeheim) og Lærdal (seinare Lærdal sjukehus).

Også i Måløy vart det bygt eit lite tuberkulosesjukehus midt i sentrum, på Midtgård. I Bergen vart Lungegården Hospital omgjort frå leprasjukehus til tuberkulosesjukehus.

Valet fell på Harastølen

Ved eit regjeringsvedtak i 1896 vart det avgjort at St. Jørgen Hospital skulle gå over frå leprasjukehus til å verte ein institusjon som skulle ta seg av «tæringssyge i Bergens Stift». Komiteen som skulle stå for omlegginga til tuberkulosesjukehus var samansett av medisinaldirektør M. Holboe, stadsingeniør i Bergen H. Daae og diakonisse Ellen Iversen. Dessutan var to frå tilsynsnemnda for St. Jørgen - overlege Klaus Hanssen og apotekar Johan Lothe med. Klaus Hansen leia komiteen, sidan det var han som hadde teke opp saka i 1891.

Dei henta inn framlegg frå ordførarar, legar og lensmenn kring heile Vestlandet om ein høveleg stad for eit nytt tuberkulosesjukehus. Det kom framlegg på ialt 70 lokaliseringsstader - frå Davik i Nordfjord i nord til Røldal og Etne i Sunnhordland i sør.

Ut frå teoriane som på den tida rådde om såkalla «immunitetssoner» mot tuberkulose - dvs. om tørt klima, høgde over havet osb. - vart Harastølen valt. Eigedomen låg under storgarden Fuhr i Luster. Staden ligg 500 meter over havet, og låg så vidt over nedre høgda for denne merkelege «immunitetssona».

Les meir om Harastølen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.04.2011