Hopp til innhold
X
Innhald

Balestrand og sosieteten

Kunstmålar Hans Dahl heldt store hageselskap for sosieteten i Balestrand ved Villa Strandheim. Dei fleste mennene på biletet er offiserar under keisar Wilhelm II. © Fylkesarkivet.

Kunstmålar Hans Dahl heldt store hageselskap for sosieteten i Balestrand ved Villa Strandheim. Dei fleste mennene på biletet er offiserar under keisar Wilhelm II. © Fylkesarkivet.

På slutten av 1800-talet og i «keisartida» fram til første verdskrig, opplevde Balestrand si stordomstid som kunstnarsenter og tumleplass for norsk og utanlandsk sosietet.

Dei mest kjende kunstnarane frå denne epoken er Anders Askevold, Eilert Adelsteen Normann, Amaldus Nielsen (1838-1932), Hans Dahl og sonen Hans Andreas Dahl. Både Askevold og Amaldus Nielsen måla fleire av dei kjende Balestrand-motiva som Esefjord-fjella, Munkestova og jekter på fjorden med Vansgnes i bakgrunnen. Både Normann, Dahl og fleire andre kunstnarar budde i lange periodar i Balestrand og bygde prakfulle villaer der.

På dette biletet frå ca. 1900 ser vi engelskkyrkja og Hotel Balestrand til venstre for telegrafstolpen, til høgre Kvikne´s Hotel. Dette var promenaderuta til dei mange turistane som kom til Balestrand rundt 1900. Foto: K. Knudsen. © Billedamlingen, UiB.

På dette biletet frå ca. 1900 ser vi engelskkyrkja og Hotel Balestrand til venstre for telegrafstolpen, til høgre Kvikne´s Hotel. Dette var promenaderuta til dei mange turistane som kom til Balestrand rundt 1900. Foto: K. Knudsen. © Billedamlingen, UiB.

Promenade-kafear

Langs stranda mot Sande og Bruhjell vart det bygd fleire kafear og små restaurantar der fint folk kunne stikke innom til forfriskingar under promenaden. Dei mest kjende var nok Café Jotunheimen i Villa Jotunheimen og den merkelege Kafé Hygea (Friluftskaféen i treet), der ein del av kafeen var montert i kruna på eit stort tre, og gjestane fekk servert vinen i ein miniatyr av ei sognajekt, som vart sendt opp i treet på løypestreng! Ein annan kjend kafe var Strand Kafé.

Vevstovene i Balestrand

I Balestrand sentrum dukka det opp fleire salsbuer som baud fram souvenirar. Dyktige kvinner i bygda skaffa seg gode ekstrainntekter på vevnad til turistane.

Sosietets-epoken brått slutt

1. verdskrig sette ein brutal stopp for «la belle epoque» i Balestrand. Keisar-glansen kvarv bort, og det mondene sosietslivet slokna. Mellom dei som vart att, var ein attgløymd keisarleg hoff-fotograf, ei rik amerikansk sosietetskvinne, ein norsk teaterdirektør og ei handfull bergenskjøpmenn som hadde investert i omfangsrike sommarhus i Balestrand. - Dei hadde nok mykje å minnest, «overklassekvinnene» i bygda, der dei samlast i si vesle syforening for å saume undertøy som dei gav bort som julepresang til trengande sambygdingar!

Les meir om desse kunstnarane, villaene, sosieteten og levemåten deira under:

Balestrand vert Art Village

Balestrand vart i 2003 teken opp som medlem i Art Villages – ein organisasjon under moderorganisasjonen EuroArt som vart skipa i 1994 for å knyte samband mellom kunstnarkoloniar og kunstnarlandsbyar kringom i Europa.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2011