Hopp til innhold
X
Innhald

Barnet vart bergteke

På garden Nedreberg stod det i gamal tid ein trekross til minne om ei hending som det går segner om.

Eit barn på garden hadde kome bort, og ryktet ville ha det til at det vart bergteke av dei underjordiske. Kyrkjeklokka i den gamle Oppstryn-kyrkja skulle ha magiske evner over dei underjordiske. No vart den henta til Nedreberg og ringd med. Barnet kom då ut att av berget i Klokkesvadet.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018