Hopp til innhold
X
Innhald

Bedehuset i Førde

Bedehuset som vart bygt i 1956. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bedehuset som vart bygt i 1956. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hans Nielsen Hauge heldt møte i Førde minst ein gong – i 1801. Det var haugianarar som bygde det som skal vere det andre bedehuset i Sogn og Fjordane i Førde i 1881.

Hans Nielsen Hauge og hans «haugianarar» hadde eit av hovudseta for verksemda si på Svanøy i Sunnfjord (sjå Haugianarane på Svanøy). Hauge var sjølv ofte på Svanøy, og elles i fylket vitja han m.a. Hyen og Sandane, Holmedal og Luster.

Bonde Ole Martinus Erdal på Skei gav fri grunn til huset. Huset tente som kyrkje 1884-1885 medan ein bygde ny soknekyrkje på Skei (sjå Førde kyrkje).

Først i 1886 vart det skipa indremisjonsforening i Førde, og felles indremisjonsforening for Sunnfjord. Då det vart bygd nytt bedehus i Førde i 1956, vart det gamle bedehuset flytta til Årdal i Jølster.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.01.2018