Hopp til innhold
X
Innhald

Beheim Karlsen-saka

Stedje bru, der Arve Beheim Karlsen sist vart sett i live. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stedje bru, der Arve Beheim Karlsen sist vart sett i live. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1999 vart skuleungdomen Arve Beheim Karlsen frå Hafslo funnen drukna utanfor munningen av Sogndalselva. Han vart meldt sakna etter ein fest i Sogndal sentrum ei natt i april.

Vitneutsegner tyda på at han då vart jaga mot Sogndalselva av to unge gutar frå Naustdal. Sidan Arve Beheim Karlsen var farga, vart det mistanke om at hendinga kunne vere rasistisk motivert. Vitneutsegner tyda på det.

Ungdomane som hadde jaga Beheim Karlsen mot Sogndalselva, vart tiltalte for rasisme og for vald og skremmande åtferd mot Arve Beheim Karlsen. Dei to vart frikjende for rasisme, men vart dømde til fengsel utan vilkår i høvesvis tre år og 1 1/2 år for trugsmål og vald.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.02.2014