Hopp til innhold
X
Innhald

Berga på mirakuløst vis

Anders Bødal i 2005. Foto: Terje Eggum.

Anders Bødal i 2005. Foto: Terje Eggum.

I Bødal, rett på andre sida av vatnet frå Ramnefjellet, budde 12 år gamle Anders Bødal. Han overlevde ulukka på mirakuløst vis, som den einaste av dei åtte som var i huset på bruk nr. 6 i Bødal denne natta. Her er utdrag av ein skulestil han skreiv om opplevinga si kort tid etter ulukka og som er attgjeven i ”Lodalen – fager og fårleg”:

”Natta til 13. september låg eg og sov som vanleg. Men med eitt kjende eg at nokon tok borti meg og sa: ”Anders, du må stå opp, for Ramnefjellet kjem”. Det var mor som sa det. Kor svevnug eg enn var, kom eg no snart ut av senga og fram til eit glas som snudde mot fjellet. Synnøve og Signy, systrene mine, stod ved eit anna glas. Med det same eg kom til glaset, såg eg steinrøyken steig tjukk og fæl opp frå fjellet, så det var reint uhyggeleg å sjå. Det dundra og braka mykje verre enn når tora slær.

- Då forstod eg at det var inga berging

Det kan ikkje seiast med ord kor det høyrdest ut. Lufttrykket var så sterkt at me reint ville miste pusten. Men så kom det verste. Båra kom over Nesodden, og då forstod eg at det var inga berging. Ho snudde huset rundt som ein stikkedåse, og krasa det til pinneved. Eg vart førd med båra eit langt stykke. Eg låg der og stridde med liv og død. Eg tok inn ei mengd med myrvatn, og tykkjer endå eg kjenner kor vond smak det var på det. Eg for rundt fleire gonger i vatnet, og eg fekk slag både her og der av alle stokkane som fylgde med. Men levande ifrå det kom eg, og eg fekk heller ikkje noko skade som var nemnande. Båra skola langt oppover, og eg fylgde med. Eg tykte det tok aldri ende på denne ferda, som kanskje ikkje hadde vart eit minutt. Endeleg for båra nedatt, og eg heldt på å verta med, men til all lukke så rende eg i ein stein, og vart hengande der. Straks båra var faren nedatt, la eg til sprangs opp til gardfjøsane.

......

Dette biletet syner kor grundig arbeid flodbølgja i 1936 gjorde i Bødal. Dei aller fleste husa vart sopte på vatnet. Ukjend fotograf. Eigar: Andreas Martin Riise/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Dette biletet syner kor grundig arbeid flodbølgja i 1936 gjorde i Bødal. Dei aller fleste husa vart sopte på vatnet. Ukjend fotograf. Eigar: Andreas Martin Riise/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

- Alt var så ukjenneleg

Då eg vart boren ned til båten, brukte eg augene mine, for det var ikkje råd å kjenne seg att. Der det før hadde stade fine hus og heimar, var det no berre stein, tre og material att. Og av heimen min fanst det ikkje anna enn fjellet att, og alt var så ukjenneleg. Eg hadde mist så mange av mine kjære, far, mor, fire syskin, brorkona og alle dei hjå farbror, og mange fleire som eg hadde vore i lag med, så alt var så tungt og leidt, tykte eg.”

Berga av punktering

Eldste broren til Anders Bødal, Sigurd, hadde vore eit ærend i Stryn og måtte overnatte i Loen fordi sykkelen hans punkterte og han i tillegg fekk problem med lykta på sykkelen, og det berga livet hans. Han levde til han var 90 år. Systera Brita var gift på Voss. Ho og mannen hadde vore i Bødal på sommarferie og var nett reist attende til Voss då ulukka hende. Då dei fekk vite om ulukka reiste dei til Loen og tok med seg Anders til Voss, der han budde til han reiste ut for å utdanne seg. Han vart lærar og kom til Kaupanger i 1955.

Bødal i 2008. Den store flata ved vatnet er dyrka, men ingen har teke sjansen på å byggje hus her. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bødal i 2008. Den store flata ved vatnet er dyrka, men ingen har teke sjansen på å byggje hus her. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Godt dei ikkje vart funne

I 1936 var det ikkje noko som heitte kriseteam og krisepsykiater, dei fleste som overlevde måtte stri seg gjennom dei tunge tankane etter ulukka på eiga hand. For Anders var presten ei god hjelp, og han synest han har greidd seg bra gjennom livet.

- For meg var det godt at ingen av mine vart funne igjen, slik at eg kunne hugse dei slik dei var i live. For dei som vart funne døde var så ille tilreidde at det ville ha gjort minna mykje verre.

Dei einaste husa i Bødal i dag ligg i god høgde over vatnet. I bakgrunnen rasfaret i Ramnefjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei einaste husa i Bødal i dag ligg i god høgde over vatnet. I bakgrunnen rasfaret i Ramnefjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.09.2011