Hopp til innhold
X
Innhald

Berga tre i redningsdåd

Her ved Skrikeberget vart tre personar berga frå drukningsdøden i 1803. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her ved Skrikeberget vart tre personar berga frå drukningsdøden i 1803. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1803 kollsigla to menn og ein ungut på Sognefjorden, dreiv opp under Skrikeberget ved Instefjord og vart berga. Bergingsmannen, husmann Lars Assem, fekk påskjøning for redningsdåd.

I 1805 fekk også to brør frå garden Vatsvik ved Skjerjehamn påskjøning fordi dei hadde berga tre jenter frå drukning. Omstenda kring berginga er ukjende.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.08.2010