Hopp til innhold
X
Innhald

Bergensar eigde Osen-vassdraget

Elva mellom Vassetevatnet og Svardalsvatnet er ein del av Osenvassdraget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Elva mellom Vassetevatnet og Svardalsvatnet er ein del av Osenvassdraget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Medan visekonsulen av Montenegro kjøpte fossar i Norddalen, hadde ein annan bergensar, havneingeniør N.N. Sontum, vore på travel handleferd lengre aust. I 1897 kjøpte han fallrettane i Hyen, og i Osenvassdraget som renn sørvestover frå Storfjorden i Hyen mot Høydalsfjorden i Flora kommune.

Men desse tidlege oppkjøpa av fallrettar var reint spekulative. Bygdene ikring var straumlause langt ut på 1950-talet. I 1948 opplyste ordførar Svarthumle i dåverande Eikefjord kommune at «her er ikkje bygd ut ein meter kraftleidning!». Tønnefabrikkane og andre verksemder i Eikefjord måtte langt fram på 1950-talet syte for eiga straumforsyning frå sjølvbygde småkraftverk.

Sogn og Fjordane fylke fekk etterkvart hand om fallrettane i Osenvassdraget, og Sogn og Fjordane Energi AS (SFE) bygde ut elvekraftverka Sagefossen og Skogheim på slutten av 1980-talet. Verka produserer 70 GWh og kosta 100 millionar kroner.

Les meir om kraftforsyninga i Flora.

Svardalsvatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svardalsvatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2010