Hopp til innhold
X
Innhald

Bjordalsstolane

Hans Sigurd Bjordal tok over stolproduksjonen etter faren Herman. Foto: Skagen & Co. © Fylkesarkivet.

Hans Sigurd Bjordal tok over stolproduksjonen etter faren Herman. Foto: Skagen & Co. © Fylkesarkivet.

Dette biletet frå 1924 viser Johanna Leirpoll i ein bjordalstol. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Dette biletet frå 1924 viser Johanna Leirpoll i ein bjordalstol. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

I den vesle grenda Bjordal i Guddalen utvikla det seg på 1800-talet ein spesiell heimeindustri: Produksjon av såkalla «Bjordalsstolar». Det var gardbrukar Herman O. Bjordal og sønene Hans Sigurd og Lasse Andreas Bjordal som laga og utvikla dei spesielle Bjordalsstolane.

Stolane vart bygde etter den eldgamle forma med tre bein og ei «jord» som ryggstø. Jorda var tredd gjennom eit hol i toppen av beina.

Bjordalsfolket utvikla denne stoltypen til ein lett og elegant stol som m.a. vart populær verandastol på turisthotella som grodde opp på denne tida. Stolane vart også laga i variantar med høg rygg, og det var denne høgrygga typen som helst vart kalla Bjordalsstol. Stolane kunne ha utskjæringar i karveskurd, eller vere rosemåla.

Bjordalsfolket skipa ut stolane med å bere dei over fjellet på den gamle ferdslestien som gjekk til Stav og Dale.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.10.2010