Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn Buna og Høyangs-Bjørn

Slik såg det ut i Høyangsfjorden før industriutbygginga tok til i 1916, og sett bort frå vegen og vegetasjonen såg det sikkert slik ut då Høyangs-Bjørn rådde her på 800-talet og.

Slik såg det ut i Høyangsfjorden før industriutbygginga tok til i 1916, og sett bort frå vegen og vegetasjonen såg det sikkert slik ut då Høyangs-Bjørn rådde her på 800-talet og.

I den islandske Landnåmabok er det nemnt ein rik og mektig herse som heitte Bjørn Buna. Han budde truleg i Måren eller på Kyrkjebø kring år 800, og stamma frå kongsætt i Agder.

Sonesonen hans budde inne i Høyangsfjorden og vart kalla Høyangs-Bjørn. Tre av sønene til Høyangs-Bjørn vart landnåmsmenn på Island. Ein kjend ættling til desse var Aud Djupaudga (djuptenkte), som vart gift med ein irsk konge i Dublin. Aud og hennar ætt samla seg makt og rikdom både på Orknøyane, Færøyane og Island.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.09.2010