Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørneåtak i Angedalen

Inste Angedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Inste Angedalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kring 1860 gjette Anders Angedal sauene i utmarka ikkje så langt frå garden sin i inste Angedalen.

Han gav seg på leit etter ein sakna sau då ein bjørn brått bykste fram bak ein stein der den hadde gøymt den drepne sauen. Bjørnen rauk rett på Anders og reiv han opp nedover brystet og den eine sida før den smatt seg bort. Men Anders låg sterkt såra att. Han tapte mykje blod, men greidde likevel å berge seg til gards der han vart liggjande til sengs i fleire veker før han kom seg til hektene att.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018