Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørnedrama på Kjellby

På garden Kjellby finst det tre dramatiske soger om kvinner og bjørn:

Stal bjørnemiddagen

Stal bjørnemiddagen

På Kjellby levde det kring 1800 ei modig kvinne, Anne Rasmusdotter Kjellby (1767-1857). Ein gong ho leitte etter dyra, oppdaga ho ein geiteskrott som låg slakta og flidd på ein holme i elva. På den andre sida sat slaktaren - ein diger bjørn. Anna vassa likevel ut i elva, tok geiteskrotten på skuldra og la i veg heim. Medan bjørnen sat att og belja fordi Anna tok frå han festmiddagen!

Sprang frå bjørnen

På same garden heiter ein svært bratt sti «Maglivegen». Namnet har den etter ei gardkone som heitte Magli, og som ein gong rømde frå ein bjørn ved å springe unnabakke i denne stien. Bjørnen er nemleg kjend for å ha det tungt i unnabakkar, og Magli vann kappløpet.

Drap bjørn med ljåen

Midt på 1700-talet levde Marte Oldsdotter Kjellby. Ho vart slegen i svime av ein bjørn i marka. Då ho vakna, stod bjørnen og grov ei grav til henne. Ho la på sprang mot mannen sin som gjekk og slo på ein utmarksteig like ved. Då ho nådde fram, var bjørnen like i helane på henne. Men husbonden bar opp langorven, hogg i sida på bjørn og flekte den opp slik at den datt daud ned. Framleis vert stadane på Kjellby der dette hende kalla Bjønnegrava og Bjønnehågjen.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018