Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørnedrap også i Nessane

Kring 1690 vart ein mann frå Nessane drepen av ein bjørn medan han var på sauesanking ved Øverbotnvatni og fjella Munkeggi og Ljossalen.

Han kom over bjørnen medan den låg og gnog på eit sauekadaver. Då han freiste å jage ubeistet, gjekk bjørnen til åtak på mannen. Sonen som var med, kunne ingenting gjere, men la på sprang ned til Hesjadalssetra etter hjelp. Men då hjelpa kom fram, var mannen død. Staden der ulukka bar til er merka med ein liten steinvarde.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018