Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørnefangst i Lånefjorden og Nessane

I fjellet vest for Koldingsnes i Lånefjorden finn ein skaret Bjørnestigen. Namnet har staden etter eit bjørnegildre - fangstfelle for bjørn - som stod der i gamle dagar.

Erik Ellingsson Kvamme frå Ytre Nesse var ein kjend bjørnejeger tidleg på 1800-talet. Rifla hans heng framleis på garden saman med bjørneskallar, og bjørnegildra hans er teken vare på ved Sogn Folkemuseum.

Også i fjellet Holten over Balestrand ligg Gildrestigen. Her la folket på Skåsheim ut sjølvskot for bjørnen.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018