Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørnejakt i Heggjabygda

I Heggjabygda ved Hornindalsvatnet var dei mykje plaga av bjørn i gamle dagar.

I Heggjabygda ved Hornindalsvatnet var dei mykje plaga av bjørn i gamle dagar.

I 1874 skipa bøndene i Heggjabygda ein sparekonto i Nordfjord Sparebank som skulle nyttast til naudsynte utgifter som ammunisjon m.a. ved bjørnejakt. I 1898 vart det teke ut til saman 42 kroner frå kontoen. Det var pengar som vart nytta i jakta på «Brattebakkebjørnen» i Frisliddalen.

Det var Ola Jetmundson Frislid som felte denne bjørnen. For skinnet fekk dei fem kroner og fjorten øre som vart sett inn på «bjørnekontoen». I 1997 sette jaktlaget i Frislid opp ein enkel minnesteien etter denne jakta i Frisliddalen.

Den mest kjende jegeren i Heggjabygda var Pål Oliverson Heggen - eller Pål Heggja som han vart kalla - som skaut sju bjørnar og kring 200 hjortar i si levetid.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018