Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørnen jaga kone i Fresvik

På 1600-talet vart ei kvinne i Fresvik jaga av bjørn då ho var på veg ned frå stølen. Ho sprang for livet, men bjørnen tok innpå. Kona gjekk med barn, men greidde å få av seg stakken og leggje den att. Bjørnen stoppa ved stakken, og kona berga seg.

Her på Bjønnbåsen vart den siste bjørnen i Fresvik skoten. Stadnamnet tyder eit stengje til å fange bjørn i. Foto: Anne Marie Bøtun. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Her på Bjønnbåsen vart den siste bjørnen i Fresvik skoten. Stadnamnet tyder eit stengje til å fange bjørn i. Foto: Anne Marie Bøtun. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Vandresoge

Ei liknande historie om ei svanger kvinne som berga seg frå bjørn ved å leggje att klede, er kjend frå garden Lunden ved Ålfoten på 1800-talet: Bjørnen jaga kone i Ålfoten. Dette kan vere såkalla «vandresoger» som ein finn att fleire stader, men opphavet kan frå gamalt vere realistisk nok: Også mellom indianarar og eskimoar er det kjent at bjørnen ut frå instinkt velgjer ut svangre kvinner som bytte, på same vis som den veit at drektige hodyr i naturen er tungføre og dermed lettare bytte. Difor har desse urfolka frå gamalt verna leirane sine ved å hengje opp «menstruasjonsklutar» i utklanten av leiren.

Bjørnen vert oppteken med klutane, og går ikkje til åtak på folket i leiren. Same trikset er altså kjent av kvinner i Noreg.

Namn etter bjørnesoga

Etter segna om Fresvik-kona er staden der bjørnen stoppa, kalla Kjerringabakken, og garden der kona høyrde heime heiter Bjørnetun.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018