Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørneskyttaren på Svingeset

Elling Olson heitte ein videgjeten bjørneskyttar som budde på garden Svingeset i Markane midt på 1700-talet.

På budaveggen var det spikra opp åtte bjørneskallar. Ei segn vil ha det til at han etter eit mannedrap på Maurset gøymde seg i eit bjørnehi. Her låg Elling saman med bjørnen ei god stund utover vinteren! Folket heime visste kvar Elling hadde gøymt seg og bar mat til han. Maten delte Elling med bjørnen. Men ei natt då Elling lurte seg ut av hiet for å gå heim, vart han oppdaga av bjørnen som sette etter. Men Elling berga seg til gards og fekk tak i børsa, og med eit velretta skot låg «selskapsbjørnen» hans daud i gardstunet.

Også Hans Hansson Faleide (1733–1781) frå Faleide var kjend som ein god bjørneskyttar.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018