Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørnson samla 6000 i Sogndal

Den 29. august 1897 heldt forfattarhovdingen Bjørnstjerne Bjørnson folketale i Prestadalen i Sogndal, og det strøymde til folk frå heile Sogn. Lokalbladet ”Ungdom” skreiv i referatet etter møtet at ”aldri hev her vore so mange samla. Sume hev meint, at her var paalag 6000 menneskje – kvinnor og menn, gamle og unge”.

Norsk sjølvstende var hovudinnhaldet i talen, og Bjørnson mana ungdomen til å byggje opp og verne om landet. ”Talen vart motteken med eldfulle hurra. Fleire kom og tok Bjørnson i handi og takka han, og me høyrde han sa, at mange kunne hava godt av å sjå ein gamal mann, som dei visste elska sitt fedreland”, skriv referenten i ”Ungdom”.

Det høyrer med til soga at neste gong Bjørnson vitja Sogn, i 1899, fekk han ei heilt anna mottaking. For då heldt han ein flammande tale mot nynorsk i Lærdal. Sjå artikkelen Noregs bitraste målstrid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.01.2012