Hopp til innhold
X
Innhald

Blodskam og avretting i Fjærland

På slutten av 1600-talet var Lars Bårdson gardbrukar på Bjåstad i Fjærland. Han var både kranglevoren og langfingra, og i heimbygda truga han med å drepe ein granne med kniv.

Etter å ha drive med blodskam med dottera si og fått barn med henne, rømde både far og dotter. Dei vart funne att i Nordhordland og stilt for retten. Lars var då nærare 80 år gamal. Då den arme dottera fekk forklare seg, kom det fram at faren nærmast hadde brukt henne som sexslave og drege henne med kvar enn han reiste; på fiske, Lærdalsmarknaden og andre stader. Det enda med dødsdom for begge. Dei vart halshogne, og kroppane kasta på elden.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.10.2008