Hopp til innhold
X
Innhald

Bondeopprøraren på Byrkjeland

Borger Byrkjeland reiste frå heimegarden til København for å klage på skattar og skyssplikt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Borger Byrkjeland reiste frå heimegarden til København for å klage på skattar og skyssplikt. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1683 leidde Borger Byrkjeland eit bondeopprør i Sunnfjord. Han reiste til København for å klage på dei harde skattane, hærtenesta og skyssplikta som bøndene var pålagde. Reisa vart betalt med innsamla midlar frå bøndene i Naustedalen. Men øvrigheita hemna seg på slik oppsetsigheit: Etter denne protestreisa vart Borger i lang tid plaga med skattekrav og andre trugsmål frå futen på Svanøy som då eigde mykje av jorda i Sunnfjord og hadde hundretals leiglendingar. Borger Byrkjeland vart skulda for skattesnusk og for å ha motteke pengar utrettvist, men Borger kunne forsvare seg. Då futen i 1697 på nytt truga bøndene med å jage dei frå gardane dersom dei ikkje betalte skatteskulda, reiste Borger Byrkjeland endå ein gong til København. Der fekk han støtte, for same året fekk alle som bygsla jord under Svanøy-godset i Sunnfjord, ein dugeleg reduksjon i skatten.

Sjå omtale av: Borger Byrkjeland.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018