Hopp til innhold
X
Innhald

Bondeopprøret på Eikeland

Eikeland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eikeland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1787 skulda gardbrukar Halvdan Paulsen på Ytre Eikeland ein del pengar til eit par andre karar i bygda. Dette låg bak då eigaren av Ytre Eikeland, sorenskrivar Hans Arentz, nekta sonen til Halvdan Paulsen å overta gardsdrifta etter faren.

Sjølv om Paulsen stilte garantiar for at gjelda vart betalt, vende sorenskrivaren det døve øyret til. I staden gjorde han avtale med medarbeidaren sin, lensmann Mons Kvammen om å ta over gardsbruket.

Dette meinte grannane til Halvdan Paulsen gjekk for vidt, og ei stor menneskemengd møtte opp på Eikeland den dagen ordensmakta kom for å kaste ut Halvdan. Lensmannen sine folk hogg opp dører med øks og bar eignelutane til Halvdan ut, men dei frammøtte bar innbuet inn att i stova.

Lensmannen noterte kven som tok del i «opprøret». 32 personar vart stilte for retten, og både den aldrande Halvdan Paulsen, sonen og to andre vart fengsla og sende til Fredriksten festning i Bergen.

Bygdefolket vart harme og kravde at ein kommisjon granska det som hende. Kommisjonen kom fram til at Halvdan Paulsen har lide urett, men han fekk likevel ikkje tilbake garden på Eikeland. I staden fekk han nokre riksdalar i erstatning.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018