Hopp til innhold
X
Innhald

Bondesamyrket på Vestlandet

Industrialiseringa og den sterke folkeauken i dei norske byane i siste halvdel av 1800-talet, gjorde det naudsynt for bøndene og organisere seg i samyrkelag som kunne samordne leveransane av jorbruksprodukt til byane, og samstundes sikre bøndene stabile prisar og trygge oppgjersformer.

Vestlandsbøndene organiserer seg

På landsbasis vart det skikkeleg fart i bondesamyrket etter at Fjaler-mannen Theodor Landmark fekk skipa Norsk Landmannsforbund (seinare Norges Bondelag) i 1896.

Tilskotsordningane har styrt utviklinga

Heilt frå starten av dei ulike produksjons- og salsledda i jorbrukssamyrket, har den lokale strukturen i stor mon vorte styrt av statlege tilskotsordningar.

Tine Meieriet Vest BA

Meieribruket var først ute med samyrketiltak. I dag er alle meieria i fylket ein del av Tine Meieriet Vest BA, som er skipa ved samanslåing av Tine Meieriet Vest og Tine Vestlandsmeieriet.

Felleskjøpet Øst Vest

Nest etter meierisamyrke, vart «Felleskjøpet» det neste, store samyrkesteget i landsdelen.

Gilde Vest

Den viktigaste samyrkeorganisasjonen for bøndene på Vestlandet, vart likevel Vestlandske Salslag, som vart skipa i 1920. Kring 1990 gjekk Vestlandske Salslag bort frå å marknadsføra produkta sine under VS-logo og gjekk over til den nye logoen for Norsk Kjøtsamvirke; Gilde. I 2002 gjekk Vestlandske Salslag inn i Gilde-konsernet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015