Hopp til innhold
X
Innhald

Bondevenforeningane

Gardbrukar, lærar og stortingsmann Søren Pedersen Jaabæk (1814–1894) frå Holum i Vest-Agder sto i spissen for Bondevenrørsla som hadde ei kort blomstringstid på 1860- og 1870-talet.

Både på Stortinget, i fylkestinga og i kommunepolitikken markerte rørsla seg først og fremst som eit opprør mot det gamle embetsmannsstyret, og med ein tildels ekstrem sparepolitikk. På Stortinget fekk Jaabæk tilnamnet «Nei-bæk» fordi han gjekk sterkt imot å gje statlege embetsmenn pensjon. Bondevenrørsla arbeidde også for utvida røysterett.

Fleire hundre lokallag

Etter at Søren Jaabæk grunnla rørsla i 1865, breidde organisasjonen seg raskt over det meste av landet og fekk lokalforeningar i dei fleste kommunane. Rørsla fekk på kort tid 30.000 medlemer og 300 lokallag over heile landet. Lagsbladet heitte «Folketidende».

I Sogn og Fjordane har organisasjonen truleg hatt opp mot 3000 medlemer og minst 31 lokalforeningar. Eit fleirtal av stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane var i desse åra aktive i bondevensrørsla.

Ville skjere ned

I Sogn og Fjordane fekk sparepolitikken dei mest synberre utslaga i bondevenene sin kamp for å få lagt ned jordbruksskulen på Mo i Førde, og arbeidet for å få selt eller avvikla det fylkeseigde rutebåtselskapet Nordre Bergenhus Amts Dampskibsselskap – Fylkesbaatane.

Vart ordførarar

Vart ordførarar

Ved kommunevala på 1860- og 1870-talet tok bondevener ordførarklubbene i dei fleste kommunane i fylket. To av dei mest kjende bondevenene i Sogn og Fjordane var bonde og stortingsmann Torstein Guttormsen Fretheim frå Aurland, og ordførar Sivert J. Berge i Selje som i 1874 ivra sterkt for at Selje kommnune skulle gå tilbake til den gamle omgangsskuleordninga fordi den ville verte rimelegare enn fastskuleordninga som var innført!

Den mest ihuga medlemsvervaren var nok bonde Søren R. Nydal frå Holsen i Førde, som fekk med 625 medlemer i dei fire bondevensforeningane som han sjølv var formann for i Førde prestegjeld!

Oversyn over foreiningane

Her er eit oversyn over registrerte bondevensforeningar i Sogn og Fjordane i 1871 (Kjelder: Bondevenene sitt lagsblad «Folketidende»/andre kjelder/Fylkesarkivet):

  • Aurland 62 medlemer - formann Torstein Guttormsen Fretheim
  • Årdal 16 medlemer - formann L. Holsæter
  • Sogndal 32 medlemer
  • Fjærland 25 medlemer
  • Balestrand ?
  • Vik i Sogn 84 medlemer - formann E. Andersen
  • Brekke 61 medlemer - formann I.H. Brække
  • Kyrkjebø 49 medlemer - formann A. Haaland Lavik
  • Jølster 69 medlemer - formann A.R. Møklebust
  • Førde 327 medlemer - formann Søren R. Nydal
  • Naustdal 185 medlemer - formann Søren R. Nydal
  • Haukedalen 62 medlemer - formann Søren R. Nydal
  • Holsen 51 medlemer - formann Søren R. Nydal
  • Viksdalen 43 medlemer - formann L. R. Aarnes
  • Indre Holmedal 313 medlemer - formann Johan J. Skagen
  • Dale 50 medlemer - formann Ola M. Bakke
  • Holmedal 90 medlemer - formann Ola M. Bakke
  • Hafslo 23 medlemer - formann Søren M. Bugge
  • Askvoll 156 medlemer - formann J. Ask
  • Kinn ?
  • Svanøy 62 medlemer
  • Vevring 110 medlemer - formann N.H. Braastad
  • Davik 216 medlemer - formann O. A. Hauge
  • Eid og Stårheim 142 medlemer - formann Viinberg
  • Hornindal 91 medlemer - formann H. Holmø
  • Nedstryn 50 medlemer - formann Arne O. Tonning
  • Oppstryn 95 medlemer - formann I. Flo
  • Olden ?
  • Innvik 48 medlemer
  • Breim 75 medlemer - formann L. R. Gaasemyr
  • Gloppen 150 medlemer.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015