Hopp til innhold
X
Innhald

Bondevensforeiningar i Gaular

I 1871 vart det skipa bondevensforeining i Viksdalen med 43 medlemer og Lars Nilsen Øvre Årnes som leiar.

I den politiske rørsla kring Søren Jaabæk vart det skipa «bondevensforeningar». Ei slik foreining vart skipa på Sande i 1870, og fekk 106 medlemer alt på skipingsmøtet. Leiar var bonde Johan Skagen. Medlemstalet auka til 313 medlemer året etter.

I 1871 vart det skipa bondevensforeining i Viksdalen med 43 medlemer og Lars Nilsen Øvre Årnes som leiar.

Ønskte lågt offentleg forbruk

Desse foreiningane arbeidde aktiv for ein sparepolitikk i offentleg sektor. På Stortinget var Jaabæk kalla «nei-Bæk», og tilsvarande haldningar rådde også på kommualt nivå.

I Gaular arbeidde bondevensforeiningane mellom anna for nedkorting av verneplikta til det halve, og at det offentlege skulle slutte å drive landbruksskulane. På fylkesplan førte kampen mot jordbruksskulane m.a. til problem med drifta av Mo Jordbruksskule i Førde.

Bondevensforeininga var sterkt representert i Gaular kommunestyre. Les også om Daviigs Bondevenforening i Bremanger kommune og Vik kommune om dei første bondevensforeningane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2011