Hopp til innhold
X
Innhald

Bot for langvarig bryllupsfest

I gamle dagar var det reglar for det meste - også for kor lenge ein kunne ture bryllaup:

I 1654 fekk Lasse Ynnisdal på garden Ynnesdal sju riksdalar i bot fordi dei hadde tura bryllaup for sonen i seks dagar. Reglane sa at ein berre fekk lov til å ha det moro i bryllaupsgarden i høgst to dagar. Også folk på Kversøy fekk i 1666 tre merker sølv i bot fordi dei hadde tura bryllaup i tre dagar.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018