Hopp til innhold
X
Innhald

Brannen på Vikøyri 1838

Storbrannen på Vikøyri i 1838, slik illustratøren Ståle Ådland ser det føre seg.

Storbrannen på Vikøyri i 1838, slik illustratøren Ståle Ådland ser det føre seg.

Brannen på Vikøyri 1838 er ein av dei største brannar i Noreg i nyare tid. Brannen starta den 16. juni klokka fire om ettermiddagen i ein bakaromn på eigedomen til handelsmann Jens Boalth Wallentinsen. Huset låg der Hopstock Hotell i dag ligg, var på to høgder, og bakaromnen stod i eit tilbygg.

Denne sommaren hadde det vore svært tørt, og brannatta bles det i tillegg sterk vestavind. Sjølv om både sivile og soldatar frå Vikamoen vart sette inn i sløkkinga, breidde elden seg med stor fart, og på fire timar var i alt 294 hus lagde i oske. Berre ei einaste stove på heile Vikøyri stod uskadd att.

Kaptein Christian Gahrup Meidell hadde denne sommaren eksersis for Leikangerkompaniet på Vikamoen. Han gav ordre til å rive hus for i rydde branngater, men det viste seg nyttelaust i den sterke vinden. Glødande gneistar fauk titals meter avgarde og sette fyr på knusktørre torvtak og veggar.

81 huslydar med 333 menneske vart huslause. I første hand måtte folk elles i bygda skaffe dei tak over hovudet. Ingen hus med unntak av handelseigedomen til Wallentinsen var branntrygda. Lova frå 1767 om trygdetvang og branntrygdelag (Norges Brandkasse) var berre gjort gjeldande for byane.

To dagar etter brannen kalla ordførar Christian Fredrik Fasting saman kommunestyret, som straks løyvde 100 spesidalar og gav eit lån på 1000 spesidalar frå kommunekassa for å hjelpe dei råka.

I tillegg vart det likna ut ein ekstraskatt på 60 skilling på kvar gardbrukar i kommunen. Denne skatten vart samla inn av menn som gjekk frå hus til hus i bygda og samla inn pengar, mat og klede.

Både regjeringa, alle kommunar i fylket og Bergen by vart oppmoda om å hjelpe, og det kom inn mykje pengar. (Ved storbrannen på Refvikgardane i Vågsøy i 1872, då 86 hus vart lagde i oske, vart det også skipa til landsinnsamling: Storbrannen i Refvik. Det same vart gjort til naudstilte i Florø etter at silda svikta i 1875: Kriseår og naudhjelp.)

Les meir om den andre storbrannen i Vik: Brannen på Vikøyri i 1922.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2011