Hopp til innhold
X
Innhald

Brannen på Vikøyri i 1922

Hus på Vikøyri før brannen i 1922. Foto: O. P. Fosse, eigar: Vik lokalhistoriske arkiv

Hus på Vikøyri før brannen i 1922. Foto: O. P. Fosse, eigar: Vik lokalhistoriske arkiv

Vikøyri i ruinar etter brannen i 1922. Foto: O. P. Fosse, eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Vikøyri i ruinar etter brannen i 1922. Foto: O. P. Fosse, eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Den 20. januar 1922 vart 39 hus på Vikøyri totalskadde av brann, og fleire bygningar fekk store brannskader. Ingen personar vart skadde i brannen. Brannen starta denne gongen i ei bud hos landhandlar Rivedal om lag klokka halv tre om natta. Sterk austavind gav elden god næring. Det gjekk med 10 vanlege bustadhus og seks kombinerte butikk- og bustadhus, 15 større lagerhus og åtte små fjøsbygningar.

Etter denne brannen var Vikøyri skipa som eigen brannkommune, og brannkontrollen vart mykje skjerpa.

Folk prøvde å sløkkje ved å lempe spann med vatn frå sjøen og opp til brannen, og mindre hus vart rivne for å hindre brannen i å breie seg. Fylkesbaatane sin rutebåt «Framnæs» vart kalla tilbake ute i fjorden for å hjelpe til, men den fekk ikkje ut brannslangane før i sekstida om morgonen. Ved sjutida var brannen under kontroll.

Etter denne brannen var Vikøyri skipa som eigen brannkommune, og brannkontrollen vart mykje skjerpa.

Då forretninga til P. P. Kvamme brann i 1955, frykta vikjene ein ny storbrann, men brannen vart avgrensa til det eine huset.

Les meir om den andre storbrannen: Brannen på Vikøyri 1838

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.07.2011