Hopp til innhold
X
Innhald

Breførarane tek styringa

Turistar inne i Ringsgrotta tidleg på 1900-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Astrid Drægni/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Turistar inne i Ringsgrotta tidleg på 1900-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Astrid Drægni/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Frå 1890 innførte Den Norske Turistforening (DNT) autorisasjonssertifikat for breførarar: Dei vart patentførarar. Same året, i 1890, vart det tilsett 18 patentførarar. Ein av desse var Lars Larsen Lien frå Jostedalen. Litt seinare fekk styraren av Kronen Kvarter (Kronen Turiststasjon), Thøger Kronen, patentførarbevis.

Andre kjende breførarar frå Jostedalen på denne tida var Lars Rasmussen Faaberg, sonen Rasmus Faaberg, Lars Haugen og Otto Hellegard.

Etter at Den Norske Turistforening bygde Styggevasshytta i 1933, vart breen meir tilgjengeleg frå Sognefjellet. No kom breføringa over breen frå Jostedalen inn i meir faste former. Dei første godkjende patentførarar som arbeidde ut frå Styggevasshytta var Anders Hesjevollen og Hallvard Horpen. Dei mest brukte rutene går frå Jostedalen over til Bødalssætra i Loen og til Greidung i Oppstryn.

Også frå Tungestølen i Veitastrond var det breføring over til Stardalen i Jølster, eller til Briksdalsbreen i Olden. Lasse Neset, Ola H. Neset og Nils Neset var kjende breførarar.

Turisthytta på Tungestølen vart sett opp i 1910. Alt på 1950-talet skipa DNT til kortare brekurs for folk som ville prøve seg med tau og stegjarn på Jostedalsbreen.

Turisthytta på Tungestølen til venstre i biletet. Vi ser innover Austerdalen der Austerdalsbreen dekkjer dalbotnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Turisthytta på Tungestølen til venstre i biletet. Vi ser innover Austerdalen der Austerdalsbreen dekkjer dalbotnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skipa breførarlag

I 1987 vart så Jostedalen breførarlag skipa. Medlemmene i laget driv både som breførarar på kryssing over breen og med kurs i bruk av stegjarn og anna utstyr ved Nigardsbreen. I det nedlagde skulehuset på «Bretun» i Krundalen driv breførarlaget ulike typar kurs m.a. om fjellsikring og -redning.

Jostedalen Bréførarlag med turistar i tau på Nigardsbréen. Foto: Jostedalen Bréførarlag.

Jostedalen Bréførarlag med turistar i tau på Nigardsbréen. Foto: Jostedalen Bréførarlag.

Les meir om Jostedalsbreen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.03.2011