Hopp til innhold
X
Innhald

Breførarar og brehytte

Utanom pionéren Mikkel Mundal, har Fjærland fostra mange dyktige breførarar som Sjur Rauboti, og tre generasjonar Øygard med Anders sr., sonen Eirik og sonesonen Anders I. Øygard.

Anders I. Øygard fekk også bygt den første Flatbrehytta 1000 m.o.h. i 1954 - om lag 300 meter frå der Suphellebreen stuper ned i dalen. I 1964 vart det bygt ei større hytte på same staden. Kring 2000 brevandrarar vitjar Flatbrehytta kvart år.

Les meir om: Turistbygda Fjærland

Supphellebreen sett frå Mundal. Flatbrehytta ligg til venstre for breen, like til høgre for flaggstanga. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Supphellebreen sett frå Mundal. Flatbrehytta ligg til venstre for breen, like til høgre for flaggstanga. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011