Hopp til innhold
X
Innhald

Breforskarane på Jostedalsbreen

Ein tysk forskar studerte Nigardsbreen i 1812. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ein tysk forskar studerte Nigardsbreen i 1812. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I 1806 kom den tyske geologen Leopold von Buch til Jostedalen for å forske på breen. Imponert over det han opplevde, oppmoda han vener om å reise til Jostedalen for å sjå sjølve. I 1812 skreiv den unge forskaren Christen Smith ein stor avhandling om brear etter å ha studert Nigardsbreen og breane i Krundalen.

Den første forskaren som kryssa breen, var dansken Gottfred Bohr i 1820. Han gjekk opp frå Lodalen, og hadde fylgje av Endre Lien og Anders O. Faaberg frå Jostedal og løytnant Daae frå Luster på turen. Det vert hevda at dei kom seg heilt opp på Lodalskåpa og målte høgda på fjellet til 6548 fot. Breturen tok 19 timar fram til Jostedalen.

Lodalskåpa med Bohrs bré. Ukjend fotograf.

Lodalskåpa med Bohrs bré. Ukjend fotograf.

Les meir om Jostedalsbreen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.03.2011