Hopp til innhold
X
Innhald

Breheimen vart berga i Stryn

Hjelledøla renn som før. Det vart ikkje noko av planane om kraftutbygging av Breheimen i Stryn.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hjelledøla renn som før. Det vart ikkje noko av planane om kraftutbygging av Breheimen i Stryn.. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1966 starta Statskraftverka planlegging av ei enorm kraftregulering som ville omfatte vassdraga frå indre Nordfjord og Luster og heilt nedover til midtre Gudbranddalen.

Tanken var å demme opp store magasin kring Jostedalsbréen slik at ein kunne utnytte vatnet frå bresmeltinga til kraftproduksjon i nedbørsfattige tider. Planen la opp til at vatnet frå alle dei store elvane i Stryn kommune skulle fangast opp i eit såkalla «takrenneprosjekt» og for det meste førast over til magasina på austsida av Jostedalsbréen.

Gro gjorde kort prosess

Men då Gro Harlem Brundtland kom til makta som miljøvernminister på slutten av 1970-talet, gjorde ho kort prosess og sløkte alle voner om ei slik overføring av vatnet frå vest mot aust. Resultatet vart ei redusert utbygging av kraftverk på Luster-sida, og vern av vassdraga i Stryn: Leirdøla i Luster vart først bygd ut etter konsesjon frå 1974. Jostedals-utbygginga vart gjennomførd i redusert omfang etter konsesjon i 1984, og full drift frå 1989.

Vern i 1993

Men då det i 1984 vart søkt om regulering av Breheimen og Strynevassdraget, vart saka utsett, og det enda med vern av vassdraget i 1993. Aksjonsgruppa «Berg Breheimen» med folk i Oppstryn i spissen, gjorde mykje for vern av vassdraget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.09.2011