Hopp til innhold
X
Innhald

Bremanger Fryseri AS

Bremanger Fryseri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bremanger Fryseri. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bremanger Fryseri AS i Iglandsvik vart starta i 1960 av Sogn og Fjordane Fiskesalslag.

Etter økonomiske vanskar overtok Lerøy-konsernet, før fryseriet etter nokre år fekk lokale eigarar og hadde opptil 45 tilsette. Hovudprodukta var sild, makrell og laks. Sjølve industribygget og produksjonsanlegget vart overteke av Bremanger kommune.

Verksemda gjekk konkurs i 2006. Domstein-gruppen (sjå Domstein-konsernet) hadde planar om å overta bygningen, men gav opp prosjektet, og kommunen overtok ansvaret for bygningane. Coast Seafood AS og det nyskipa Grotle Havbeite leigde deler av lokala i tida etter konkursen. Grotle Havbeite nytta lokala til klekking av hummaryngel.

I 2008 overtok Bremanger Sea and Residences AS anlegget med tanke på å byggje det om til fritidsbustader med eigen marina, og til konferansesenter. Bak selskapet står ei gruppe bergensarar. Men fem år seinare var det ikkje blitt noko av planane, og bygningen er sterkt prega av forfall og hærverk.

Bremanger Fryseri under bygging i 1960.

Bremanger Fryseri under bygging i 1960.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.08.2013