Bréen kravde seks liv

Ras frå Baklibréen tok tre menneskeliv i 1986. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Sommaren 1986 miste i alt fem menneske livet i ulukker ved Jostedalsbréen: Eit nederlandsk ektepar og sonen deira omkom då dei vart råka av eit isras frå Baklibréen i Krundalen, og berre få dagar seinare omkom to danske kvinner då dei vart tekne av ei brå flaumelv som kom unna Nigardsbréen. Flaumen skuldast at eit isras under bréen hadde demt opp elva, og då demninga brotna, fossa store mengder vatn fram på turistane som hadde gått for nær bréporten.
Det same hende i 1994 då ei brå flaumelv sopa med seg ei polsk kvinne. Ho vart førd heilt på Nigardsvatnet, men vart berga.
På 1990-talet omkom ein mann som var busett i Sogndal då han fall ned i ei brésprekk på Nigardsbréen.

I 1986 omkom to danske kvinner då dei vart tekne av oppdemt vatn som brått fløymde ut under Nigardsbréen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 06.04.2011