Hopp til innhold
X
Innhald

Brende skogen – vart kvitt sjørøvarane

Bremangerpollen med Førde inst. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bremangerpollen med Førde inst. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lengst inne i Bremangerpollen ligg gardane Førde – eller Førs som dei vert kalla på dialekt.

Her inne var det i eldre tider litt skog, og det vert fortalt at engelske sjørøvarar løynde seg i skogen. Desse sjørøvarane var støtt til plage for bygdefolket fordi dei stal. Noko måtte gjerast for å verte kvitt dei.

Då gjorde skogeigarne i Førde ein avtale med folket inne i Gulefjordane om at dei skulle brenne skogen i Førde og såleis gjere sjørøvarane husville. Folket inne i fjordane skulle som motyting gje Førde-folket ein skogteig i Almenningen i byte. Skogen brann, og røvarane forsvann.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018