Hopp til innhold
X
Innhald

Brennevinsplager og prestesorger

Mange båtar med kyrkjefolk kom til Eivindvik når det var gudsteneste. Biletet er truleg frå sluttan av 1800-talet.

Mange båtar med kyrkjefolk kom til Eivindvik når det var gudsteneste. Biletet er truleg frå sluttan av 1800-talet.

For ferdafolk og andre var det ikkje langt mellom skjenkestovene i Gulen i gamle dagar: På Brekke, Sygnefest, Skjerjehamn, Glavær og Børholmen var det mogeleg å kjøpe seg både ein dram og fleire til.

Og dei som vart tørste når dei rodde til kyrkje i Eivindvik, fekk gjerne kjøpe seg både øl og dram av ein av gjestgjevarane som hadde lurt med seg ein kagge eller fleire heimanfrå på preikesundag.

Opplysningspresten kom som kapellan til Eivindvik i 1804, arga det han mykje å sjå all sedløysa og armoda som fylgde med all drikkinga. Han kjøpte like godt både sorenskrivargarden i Brekke med tilhøyrande gjestgiveri i 1833 og gjestgiveriet og handelsstaden i 1840 for å få kontroll med brennevinshandelen.

Ein gong i 1681 skulle det vere fire bryllup i Brekke-kyrkja på same dag. Mykje folk hadde samla seg. Men kapellanen hadde forsove seg og kom ikkje før det lei langt på dag. Då han endeleg dukka opp, vart han både truga og skjelt ut av fire karar som hadde drukke seg godt til mot. Kapellanen stod skulerett og torde vel knapt seie eitt ord til dei øsne bøndene. Men vel heime, skreiv han på latin i protokollen: «O, utakknemlige gauker! De rå mennesker er de beste til at gråte, men de sletteste til at glede sig!»

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.01.2009