Hopp til innhold
X
Innhald

Brurestakken – geologisk skattkammer

Brurestakken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Brurestakken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Atløy har ein unik geologi, og ein tur til Brurestakken sørvest på øya er nesten obligatorisk for geologistudentar. Det var fiskarar som gav den vesle fjellknausen namnet Brurestakken på grunn av den figuren dei ulike steinslaga i fjellet dannar. Dei lyse laga av kvartsitt innimellom mørke lag av omdanna sedimentære bergartar kan sjå ut som slepet på ein brurekjole.

Men for geologane er området først og fremst av fagleg interesse. Brurestakken vart til av jordskorperørsler i den kaledonske fjellkjeda. På få kvadratkilometer kan dei geologiinteresserte studere prosessar knytte til danning og kollaps av fjellkjeder. Bergartane vest på Atløy er mindre deformerte enn elles på kysten, og dei heldt seg på eit høgt nivå, slik at dei i dag er over havflata.

Ved Brurestakken er det godt merka geologistiar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 11.04.2013