Hopp til innhold
X
Innhald

Bryllaup og drap i Oppstryn

Kniven sat ofte laust i slira i den tida då folk tura bryllaup tre dagar til ende.

I 1726 var det bryllaup på Bolstad i Oppstryn. Den trettekjære Ola Lasseson Hjelle var mellom gjestene. Først hadde han lagt seg ut med Jørgen J. Bolstad, men det roa seg. Verten og svogeren Ola Salveson Bolstad fekk Ola Hjelle inn til bords, men der kravde Ola Hjelle like godt å få overta heile det såkalla Sundalsgodset frå verten.

Til det sa Ola Bolstad nei. Ola Hjelle vart då så arg at han truga med å drepe han. Dagen etter gjekk Ola Bolstad og pløgde nede på åkeren då Ola Hjelle dukka opp og skaut han beint ned. Men før Ola Bolstad døydde, kravde han blodhemn.

Under rettssaka freista drapsmannen å skulde på at det var eit vådeskot: Han hadde sikta på ender i elva, men trefte svogeren. Forklaringa hjelpte lite, for Ola Hjelle vart dømd til døden, og sidan han var soldat, skjedde det ved skyting.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018