Hopp til innhold
X
Innhald

Bryllaupet utsett då presten var full

I 1811 skulle Ola Vik og Brita Skeie frå Fjærland gifte seg. Dette skulle skje ein sundag etter preika. Men presten hadde nok både reist langt og tala lenge, for han var både svolten og tørst. Før han kunne gifte nokon, måtte han difor få i seg rikeleg med både mat og drikke.

Då han endeleg var klar til å gifte dei to unge, gjekk det reint i ball. Ølet hadde ruska det slik til for den arme presten at han berre prata tull.

Etter mykje prestevas miste kyrkjelyden tolmodet. Mange reiste seg og ville gå. Men brudgomen Ola var ein kvikk kar som berga situasjonen: - Vi skjønar alle at prestefar er sjuk i dag, så vi får slutte tenesta med å be Fadervår". Det gjorde Ola, og kyrkjelyden gjekk kvar til sitt.

Bryllaupet mellom Ola og Brita vart utsett til seinare - til det hadde klårna i skallen på presten!

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018