Hopp til innhold
X
Innhald

Bryllupsaksjonistane i Naustdal

Like etter skipinga av Vevring Afholdsforening i 1854, vart det skipa fråhaldslag i Naustdal. I 1882 hadde dette laget 325 medlemer. Naustdalslaget skipa også eit særlag: «Forening til indskrænkning af de såkalte skålebrylluper», og laget arbeidde for «kortere, penere og hyggeligere brylluper».

Dette spesielle laget fekk på det meste over 400 medlemer. På 1880-talet vart fråhaldsarbeidet omorganisert, og lokallag av DNT vart skipa i Naustdal i 1896.

Les meir om haugianarane i Vevring og Naustdal.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018