Hopp til innhold
X
Innhald

Bureisinga i Dvergsdalsdalen

Nydyrkingsfelt ved Løgard i Dvergsdalsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nydyrkingsfelt ved Løgard i Dvergsdalsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Selskapet Ny Jord (skipa 1908) og Det norske Myrselskap (skipa 1902) spela frå byrjinga av 1900-talet ein sentral rolle i nydyrkingsarbeidet i Noreg.

Særleg i mellomkrigstida stimulerte store statstilskot til nydyrking og bureising. I Sogn og Fjordane vart det i åra frå 1922 til 1955 løyvd tilskot til i alt 623 bureisingsbruk. Jølster var den klårt største nydyrkings- og bureisingskommunen i Sogn og Fjordane.

I åra frå 1922 til 1955 vart det ytt tilskot til i alt 57 bureisingsbruk i Jølster, og det vart nydyrka i alt 8122 dekar i kommunen. Dvergsdalsdalen i Jølster vart eitt av dei største nybrotsfelta i Sogn og Fjordane.

Nordaustre delen av Dvergsdalsdalen med garden Dalheim og Dalevatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nordaustre delen av Dvergsdalsdalen med garden Dalheim og Dalevatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Føregangsmannen var Henrik D. Dvergsdal, som etter ein tur til Amerika kom heim i 1929 og satsa på dyrking av eigen gard i Dvergsdalsdalen. Også andre stader i Jølster vart det satsa sterkt på nydyrking og bureising i desse åra, m.a. kring Vassenden og Langhaugane.

Les elles samleartiklar under Sogn og Fjordane fylke: Nydyrking og bureising .

Denne gråtassen har vore med på å dyrke opp Dvergsdalsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Denne gråtassen har vore med på å dyrke opp Dvergsdalsdalen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.12.2010