Hopp til innhold
X
Innhald

Bustemannen

Det var gamal tradisjon å hjelpe småkårsfolk og tenarar som skulle gifte seg med ein liten startkapital. Då vart ein velsedd og ordhag mann send rundt til velståande folk for å «be til buste» - dvs. samle inn pengar til brureparet.

Mannen som gjekk rundt og samla inn vart kalla «bustemann», og han gjekk først og fremst i gardane der paret hadde tent. Ein av dei som var mykje brukt som bustemann midt på 1800-talet var Anders Tverang i Hågøykalven.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018