Hopp til innhold
X
Innhald

Bygdedokterar og kvakksalvarar i Luster

Før legetenesta vart skikkeleg utbygd med distriktslegar, måtte sjuke ofte ty til sjølvlærde bygdedokterar når dei skulle ha hjelp.

Tiltala for kvakksalveri

I slekta etter Nils Jensson Sterri, som levde på Hafslo kring 1800, var det fleire som vart bygdedokterar med handlag til både å få folk og fe friske. Nils måtte sjølv stå til rette, tiltala for «kvaksalveri».

«Stampen» stogga blod

Ein etterkomar etter Nils var Ivar Nilsson Hess Sterri - eller «Stampen» som han gjekk for i bygda. Han var i aktivitet kring 1860, og skulle ha evna til å stoppe blod. For å få folk friske, ville han stikke hol på pulsårer, men det var sjeldan at folk let han gjere det fårlege inngrepet.

«Stampen» skar vekk utvekst

Ei ung kvinne i bygda fekk ein gong ein stor utvekst på eine kjaken. Den hang som ein liten spene. Ho var til vanleg lege for å skjære den bort, men legen ville ikkje gjere noko, for ho kunne blø seg forderva. «Stampen» høyrde om jenta og baud seg til å prøve. Jenta ville ikkje la han sleppe til, men han fekk lov å sjå på styggedomen.

Best det var, såg likevel «Stampen» seg eit snitt til å lure fram kniven og kutta voksteren bort. Det blødde fælt, men «Stampen» fekk stoppa blodet og kunne ta imot betaling for utført «dåd».

Beinspjelkar Sterri

Broren til «Stampen», Jens Nilsson Hess Sterri, var flink til å spjelke bein, og laga også ei spesiell sårsalve.

Plassa-Hans var bygdedokter

Plassa-Hans på Ornes - eigentleg Hans Odnes (1791-1878) - skulle vere ein endå meir dugande bygdedokter. Dette var ein kar som kunne studere anatomi i praksis, for han var både gravar og slaktar i bygda! Plassa-Hans skulle vere spesielt kunnig med å «setje koppar» på folk.

Stappa inn att levra

Ein gong hadde ein mann fått eit stygt kutt i magen. Plassa-Hans såg på såret, men bad dei hente distriktslege Engh frå Sogndal. Då Engh såg såret, sa han at det var levra som taut ut av buken på den skadde mannen.

- «Å nai. Levri detta», sa Plassa-Hans.

- Neiggu e'kje detta levri - de e naikkjao!

- Han e faite, fanten!

- Stapp inn og saum atte!".

Det gjorde dokter Engh - og mannen vart frisk som ein fisk!

Kvakksalvar kutta pulsåra

I 1782 gjekk det ikkje betre enn at ein gut på Indre Hafslo døydde etter å ha blitt lagt under kniven til ein omreisande kvakksalvar.

Eigen «kirurg» på 1700-talet

Tidleg på 1700-talet ser det også ut til at folk i Luster fekk meir «fagleg» help frå ein mann som heitte Arnt Christoffer Rein. Han var utlærd barber og «feltskjær» - dvs. militærkirurg. Det vert fortalt at han til tider dreiv eit slag «sjukehus» på familiegarden Heltne i Luster.

Naturmedisinar

Les også om naturmedisinaren Hans O. Vigdal.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018