Hopp til innhold
X
Innhald

Bygdedokterar

Mattis Olson Loen (1812–1867) frå Loen var den mest namngjetne bygdedokteren i indre Nordfjord. Til han kom pasientar både frå Fjordane og Sunnmøre.

Andre kjende bygdedokterar i noverande Stryn kommune var:

Peder Jetmundsson

(1752–1841) Nedre-Røberg frå Røbjørgane ved Blakset.

Sigmund Kolbeinsson Årnes

(1791–1843) frå Årnes i Oppstryn. Årnes var vide kjend som bygdedokter, og tok imot pasientar heilt frå Oppland. Son til Kolbein Sigmundsson Årnes.

Mattis R. Eide

(1821–1903) frå Eide i Olden. Bonde og bygdedokter. Han var kjend som ein dugande bygdedokter og søkt av folk vide omkring.

Ola Olsson Skaaden

(1837–1921) frå Innvik. Bonde og bygdedokter. Han gjekk under namnet «Bortigaren».

(sjå også om «Gamle-Ryssdalen» under Gloppen kommune, Sæla-dokteren under Førde kommune, Jakob Kvellestad under Naustdal kommune og Jens L. Drægeli under Aurland kommune)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011