Faktaboks

Administrasjonssenter
Aurlandsvangen
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
1 766 (2022)
Landareal
1 376 km²
Høgaste fjell
Blåskavlen (1809 moh.)
Innbyggjarnamn
aurlending
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4641 (frå 01.01.2020, tidlegare 1421)

Kommunevåpenet til Aurland har eit avreve sølvfarga geitebukkhovud mot ein blå bakgrunn.

Kart: Aurland kommune i Vestland
Aurland kommune i Vestland fylke.
Kart: Aurland kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Aurland

Aurland. Utsikt over indre del av Aurlandsfjorden mot Flenjaeggi. I forgrunnen er Aurlandsvangen og utløpet av Aurlandselva. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Aurland er ein kommune i Vestland fylke. Kommunen ligg omkring Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Kommunen strekkjer seg gjennom eit svært berglendt landskap søraustover til fylkesgrensa mot Buskerud og sør- og sørvestover til Ulvik og Voss.

Natur

Aurlandsdalen
Parti fra den populære gåvegen nedover Aurlandsdalen, som tiltrekk seg mange turgåare kvar sommer.
Aurlandsdalen
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Kommunen fell geografisk sett i fire delar: Aurlandsdalen frå Aurlandsvangen mot søraust, Flåmsdalen inst i Aurlandsfjorden, Undredal på halvøya mellom Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, og Nærøydalen ved enden av Nærøyfjorden.

I Aurland ligg grunnfjellet i dagen i eit lite område aust for Aurlandsfjorden. Over dette er det overskyvde bergartar av kaledonsk opphav som dannar dei høgastliggjande områda i kommunen. Til dels er det karakteristisk kvitt fjell i anortositt.

I overgangen mellom grunnfjellet og skyvedekket finn ein striper av blautare, skifrige bergartar av kambrosilurisk opphav. Desse har gitt opphav til eit forholdsvis rikt dekke av lausmassar, særleg i nedre delar av Flåmsdalen og stadvis i Aurlandsdalen. Nærøydalen og Undredalen er skorne ned i sjølve skyvedekket.

Vel 80 prosent av arealet i Aurland ligg over 900 meter over havet. Høgast ragar Blåskavlen, 1809 meter over havet.

Busetjing

Administrasjonssenteret Aurlandsvangen er den einaste tettstaden i kommunen. Busetjinga er elles for ein vesentleg del konsentrert til dei nedre delane av dei fire hovuddalføra med tettgrender der dalføra når fjorden. Nesten all busetjing i Aurland er i desse delane: Aurlandsdalen, Flåmsdalen, Undredal og Nærøydalen (Gudvangen).

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Aurland. Tettstadene er til saman 0,9 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Aurlandsvangen 589 33 % 0,5 km²
Flåm 276 16 % 0,4 km²
Sum 865 49 % 0,9 km²

* Andelen av innbyggjarane i Aurland kommune som bur i tettstaden.

Kart over Aurland kommune
Kart over Aurland kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Nesten heile jordbruksarealet er dyrka og udyrka eng, og husdyrhald er den viktigaste driftsforma. Det er mest sau som utnyttar fjellbeita, men også mykje geit; Aurland har flest geiter blant kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane. Det er noko bringebærproduksjon. Fruktdyrkinga har ikkje lenger særleg betydning. Ved Aurland skofabrikk produserer dei Aurlandsskoen.

Med den praktfulle naturen har Aurland stor turisttrafikk, og med vegutbygginga i dei siste åra er denne i vekst. I 2019 kom det over éin million turistar til kommunen, og 270 000 kom med cruiseskip til Flåm. Det er fleire hotell og turisthytter her, mellom anna knytt til populære fotturistruter. Hovudsakleg er desse lokaliserte på Fretheim i Flåm. Det er ein ziplinebane i Flåmsdalen.

Kommunen har store kraftressursar, ikkje minst på grunn av dei store høgtliggjande områda. Aurland er Noregs sjette største kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 3362 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er åtte kraftverk i kommunen. Kraftverka med høgast snittproduksjon er Aurland I kraftverk (i drift frå 1973), Aurland II H kraftverk (1983), Aurland II L kraftverk (1982) og Aurland IV (Vangen) kraftverk (1980). Aurlandsvassdraget er utbygd med i alt 1120 MW maksimal yting og 2618 GWh gjennomsnittleg årsproduksjon. Flåmsvassdraget er berre utbygd i beskjeden grad (8,3 MW). Undredalselva og Flåmselva inngår i Samlet plan for vassdrag og er førebels ikkje aktuelle for utbygging.

Samferdsle

Flåmsbana frå Myrdal ved Bergensbanen knyter fylket til jernbanenettet i landet. Banen er eineståande som turistbane og har årleg meir enn 700 000 reisande.

Gjennom Aurlandsvangen går stamvegen mellom Oslo og Bergen (E16), med Noregs to lengste vegtunnelar: Gudvangatunnelen og Lærdalstunnelen. Den sistnemnde er den lengste biltunnelen i verda (24,5 kilometer). Fylkesveg 50 (Aurland–Hol) går over fjellet til Hallingdal. Det går også veg langs Flåmsbana til Kårdal, og dessutan sommaropen veg over fjellet frå Aurlandsvangen til Erdal i Lærdal (det høgaste punktet på vegen er 1306 meter over havet), som passerer utsiktspunktet Stegastein. Det går båtruter mellom Aurlandsvangen, Flåm, Gudvangen og andre tettstader i Sogn; dei fleste er sommarruter.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Sogn jord- og hagebruksskule ligg i Aurland.

Aurland høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Sogn regionråd saman med Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.

Aurland kommune svarer til dei fire sokna Flåm, Nærøy, Undredal og Vangen i Sogn prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Aurland til Sogn fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Aurland

For statistiske føremål består Aurland kommune (per 2016) av eitt delområde med til saman ti grunnkrinsar: Nærøy, Undredal, Utbygdi, Aurlandsvangen, Ohnstad, Flåm, Berekvam, Myrdal, Vassbygdi og Dalen.

Historikk og kultur

På Aurlandsvangen finst fleire store gravhaugar; det er større vikingtidsgravfunn på Onstad. I Aurlandsdalen finst restar etter gammal busetjing, mellom anna fjellgarden Sinjarheim, som blei fråflytta i 1922, og som er restaurert. Aurland kyrkje frå 1200-talet er den største mellomalderkyrkja i Sogn. Undredal kyrkje, ei ombygd stavkyrkje, er den minste kyrkja i landet (kyrkjeskipet innvendig er 7,15 x 3,75 meter). Otternes bygdetun mellom Aurlandsvangen og Flåm omfattar rekkje- og klyngjetun frå 1600-talet. Aurland bygdetun ligg også i Aurland.

Kommunevåpenet

Våpenet (godkjent i 1987) har eit sølvfarga geitebukkhovud mot ein blå bakgrunn. Motivet viser til kor viktig geitehaldet har vore i kommunen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Indrelid, Svein: Aurland bygdebok, 2003-, tre bind, Finn boken
  • Ohnstad, Anders, red.: Glimt frå aurlandssoga, 1991-, to bind, isbn 82-992261-2-0
  • Ohnstad, Anders og Anna Gjerløw: Aurland [bygdebok], 1962-, tre bind, isbn 82-992261-0-4
  • Ohnstad, Anders: Gardssoga for Aurland, 1988-, tre bind, isbn 82-90451-51-2
  • Vinjum, Erlend: Aurland : stadnamn og kulturhistorie, 2004, isbn 82-996949-0-6

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg