Hopp til innhold
X
Innhald

Bygdesenteret Fimland

Fimland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fimland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fimland vart kring 1900 eit lite bygdesenter for grendene i øvre Naustedalen–Instedalen.

I 1898 vart det bygt meieri. I 1900 kom det brevhus som i 1920 vart omgjort til postopneri. Skulehus vart bygd i 1902, og var i bruk til 1981 då Instedalen fekk ny skule, og krinsane Savland, Neset og Fimland vart nedlagde.

I 1923 starta Andreas Bruflot første butikken på Fimland og dreiv til kring 1930. I 1924 starta Anfinn Fimland også butikk, og dei to vart harde konkurrentar. Anfinn dreiv til 1929, men Olav Horstad tok over. Kring 1930 starta brørne Sakarias og Magnus Fimland opp «Butikkloftet», men både denne og Horstad sin butikk vart innstilt i 1940.

Etter krigen skipa Naustdal Handelslag på Kalland filial på Fimland, og etter samanslåing med Naustdal Samyrkelag vart det bygd ny butikk på Fimland i 1983, men denne vart nedlagd i 1989. Grenda overtok lokala, og frå 1990 har «Fimlandsbua» halde til der.

Fimalndsbua. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fimalndsbua. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2010