Hopp til innhold
X
Innhald

Bygdevektarar i Gulen

I 1755 vart det tilsett eigen bygdevektar i Brekke. Bygdevektaren var eit slags ordenspoliti som skulle jage rekande folk, tiggarar og tjuvpakk, bort frå bygdene.

Særleg i høyvinna når folk drog langt av garde til fjerne slåtteteigar, kunne det vere gode tider for tjuvar som forsynte seg av folketome hus. Dei som ikkje ville bli mistenkte av bygdevektaren, hadde den gongen med seg eit slags «innanriks» pass å vise fram. Passet prova at dei var ute i ærleg ærend.

Jobba på akkord

For å halde bygdevektaren i aktivitet og nidkjær i tenesta, fekk han betalt ein stykkpris for kvar sjel han jaga ut av bygda. Det same honoraret kunne han heve for fattigfolk som han sette i gapestokken når han kneip dei i tigging.

Rett til pistol

Ein av dei som var bygdevektar, var Jon Torsteinsson Sætre, som vart tilsett som bygdevektar av fattigkommisjonen i Brekke i 1773. I den sørlege og vestlege delen av noverande Gulen kommune vart det i 1841 tilsett i alt seks bygdevektarar. Mange av desse var også postførarar. Desse karane hadde m.a. rett til å bære pistol.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.10.2008