Hopp til innhold
X
Innhald

Byplanar og jobbetid

Farnes på 1930-talet. 20 år med kraftutbygging hadde ført til ein viss vekst. Til venstre ser vi gamle Farnes skule, som vart bygd i 1918. Huset til høgre for skulen husar i dag ein klesforretning. Murhuset med valma tak til høgre er forretningsbygget til Ola S. Øren. Alle desse tre husa står framleis. Foto: Normann. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Anleggsvegen med 42 svingar  opp til Heirsnosi vart etter kvart ein turistattraksjon og eit mykje nytta motiv for prospektkortfotografar. Bygginga av Årdal hotell var og eit direkte resultat av kraftutbygginga. Hotellet vart bygt i 1920. Ukjend fotograf. Eigar: Per  Vetti/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Anleggsarbeidet starta i 1910 med eit par hundre mann. Året etter trekte den tyske BASF-gruppa seg ut, og med tre millionar kroner frå fransk kapital vart A/S Tyinfaldene no eit heileigd dotterselskap til Norsk Hydro. Den mektige Hydro-direktøren Sam Eyde kom sjølv til Årdal for å ta eigedomane i augesyn.

Optimisme

Den første anleggstida var prega av optimisme og jobbetid: Kommunen planla for ein by på 4000-5000 menneske, og Farnes i Øvre vart eigen byggjekommune i 1914.

På same vis som i Høyanger fekk bygda ein staseleg reguleringsplan: Ei boulevardprega hovudgate skulle danne sentrum i den nye industribyen, og det skulle byggjast både kyrkje, skule og krematorium. Den treetasjes murbygningen der Årdal Hotell heldt til, stod som eit prangande monument over denne tida i Øvre Årdal i rundt 90 år.

25 km med tunnelar

I bygda og på fjellet vart det bygd i alt 28 brakker som kunne huse 520 anleggsarbeidarar. Arbeidet med å byggje den imponerande fjellvegen med 42 svingar opp Heirsnosi starta i 1910, og vegen var ferdig til Tyinosen i 1920. I fjellet reiste det seg imponerande damanlegg. Den største vasstunnelen var over 11 kilometer lang, og tok åtte år å byggje (ferdig 1927). Til saman vart det sprengt 25 kilometer vasstunnelar i Tyin-anlegga fram til 1934. Men kva slags industri den nye byen skulle leve av, visste vel korkje årdølene eller Norsk Hydro.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 15.04.2011