Hopp til innhold
X
Innhald

Byrkjelo

Byrkjelo med Eggenipa og Våtedalen i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Byrkjelo med Eggenipa og Våtedalen i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det var først då vegsambandet Vadheim-Sandane var ferdig i 1889 at Byrkjelo i Breim tok form som eit bygdesenter. Det skjedde ved at ny veg gjennom Våtedalen frå Jølster avløyste den gamle ”postvegen” over Breimsvatnet til Reed.

Ny Utvikfjell-veg

Straks vegen gjennom Våtedalen var opna i 1889 vart det reist krav om ny veg til avløysing av postvegen over Utvikfjellet til Utvik. Den trondhjemske Postvei gjekk nemleg frå Reed og innetter bygda til Flølo der den stakk til fjells. – Og frå Flølo til Byrkjelo er det fleire kilometer. Men trass i kravet om ny veg frå Byrkjelo over Utvikfjellet: Bilvegen Byrkjelo –Utvik kom først i 1936.

Frå vegen over Utvikfjellet på 1940-talet. Sjåfør Johannes Hammer har teke ein stopp ved utsynsplassen nedanfor Karistova. Foto utlånt av Firda Sjåførforening. © Fylkesarkivet.

Frå vegen over Utvikfjellet på 1940-talet. Sjåfør Johannes Hammer har teke ein stopp ved utsynsplassen nedanfor Karistova. Foto utlånt av Firda Sjåførforening. © Fylkesarkivet.

Næringsliv

Frå 1890 grodde det opp fleire landhandlarar, bakeri og handverksbedrifter kring vegkrysset. Jørgen Grønfur bygde hotell, som handelsmannen Kristen Kleppe seinare overtok. Dette hotellhuset vart rive og flytta til Stardalen på 1930-talet.

Ysting og krutfabrikk

Ysting og krutfabrikk

Breim Meieri vart bygd i 1896 av Breim Landboeforening, og heilt fram til dei vart rivne i 1988 har meieribygningane vore eit dominerande innslag i bygdesenteret. Ved elva bygde Gabriel L. Bjørnereim sagbruk og krutfabrikk(!) i 1903. Då han gjekk konkurs, overtok Anton Felde Heimdal drifta av saga. Eit større sagbruk vart bygd i 1939 av Johan Strand –Nymo Bruk. Her var det også snikkarverkstad og produksjon av vogner. I 1982 kom også eit høvleri.

Bygdemølle

Urheim Mølle, bygd i 1930, var bygdemølle for Innvik, Utvik, Jølster og Breim. Den brann i 1936, men vart bygd opp att. Både Urheim Mølle og Nymo Bruk hadde eigne kraftverk. Desse kraftverka leverte også straum til næraste grannelaget.

Breim Handelslag opna butikk på Byrkjelo 1920. Dagens forretningsbygg vart reist i 1989. I 1946 starta Johan Bjørnereim bilverkstad, og denne bedrifta vart sidan bygd ut med stor bensinstasjon, men er no lagd ned. Toralv Hjelle bygde hotellet Gjesteheimen, og like bortanfor kom Byrkjelo Kafè og Pensjonat.

Frå opninga av stormeieriet på Byrkjelo: Steinar Lote, NRK.

Frå opninga av stormeieriet på Byrkjelo: Steinar Lote, NRK.

Stormeieri til Byrkjelo

I 1996 bygde Tine Meieriet det nye stormeieriet for nordlege Vestlandet på Byrkjelo. Dette har ikkje minst samanheng med at bøndene i Gloppen står for ein svært stor del av den samla mjølkeproduksjonen i landsdelen. Stormeieriet vart såleis plassert midt i smørauget når det vart bygd på Byrkjelo.

Internasjonal toppidrett

I 1912 fekk Byrkjelo eige folkebad. Badet hadde dusjar, badstu og omkledningsrom, og var i drift til 1953. Ungdomshuset ”Breidarheim” vart bygd i 1934, og like ved vart idrettsplassen bygd i 1954. Kring 1980 vart det lagt kunstdekke på løpebana og bygd klubbhus og tribuner, og idrettsplassen var i mange år arena for ”Byrkjelo Games”, eit friidrettsstemne som lokka til seg internasjonale stjerner. I 2000 vart NM i friidrett skipa til på Byrkjelo.

Byrkjelo Games trekte i mange år norske og internasjonale friidrettsstjerner til Sogn og Fjordane. Her er det Terje Totland, med seks NM-gull i høgde, som svevar over lista. Foto: Svein Nesbakk.

Byrkjelo Games trekte i mange år norske og internasjonale friidrettsstjerner til Sogn og Fjordane. Her er det Terje Totland, med seks NM-gull i høgde, som svevar over lista. Foto: Svein Nesbakk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2011