Hopp til innhold
X
Innhald

Campingturismen i Stryn

Alda Camping og Hytter er mellom dei eldste campingplassane i landet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Alda Camping og Hytter er mellom dei eldste campingplassane i landet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mange i Stryn har bygd hytter for å ta imot turistar. Dette er Hogrenning Feriehytter ved Lovatnet med utsyn m.a. mot Ramnefjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mange i Stryn har bygd hytter for å ta imot turistar. Dette er Hogrenning Feriehytter ved Lovatnet med utsyn m.a. mot Ramnefjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eit nytt ferietilbod dukka opp midt på 1950 talet: Campingplassane. Dei første åra stort sett for utanlandske bilturistar. Men etter at det norske bilsalet vart deregulert i 1960, var det først og fremst nordmenn som brukte dei nye campingplassane i Stryn kommune.

Nokre av dei største campingplassane vart bygde i Lovik, Olden og på Meland i Stryn. Første åra prega teltlivet plassane, men tidleg på 60-talet kom dei første campinghyttene. Seinare kom bubilar og permanent parkerte campingvogner med såkalla «spikartelt», d.v.s. ulovlege tilbygg med veranda og anna krimskrams. Desse skjemmande «spikartelta» har ført til mykje bry i turistkommunen dei siste åra.

Feriehytter

Mange grunneigarar har og investert i hytter som dei leiger ut til turistar.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.03.2011